Elias Nord: Ingeniøren med eigne låtar på Spotify

Elias Nord: Ingeniøren med eigne låtar på Spotify

Tekst: Marie Kristine Kroken

Det var musikken som fyrst fekk Elias Nord (24) frå Nordfjordeid framfor dataskjermen. No er han ferdig med 3 år i Bergen på Høgskulen i Vestland og klar for sin aller fyrste jobb som dataingeniør. Den jobben fekk han før han var ferdig på studiet. På fyrste forsøk.

Valet sto mellom å studere dataingeniør i Bergen og musikkteknologi i Trondheim. Eg valde Bergen fordi det sto fram som det klokaste valet, og fordi eg uansett kan halde på med musikk på fritida.

Fekk jobb på Nordfjordeid

Det er med lave skuldrer han nyt denne fyrste sommaren etter avslutta studie, sidan han allereie har kapra ein jobb. Den 14. august startar han å jobbe for Normatic på Nordfjordeid, der han skal arbeide med programmering.

Eg meldte meg inn i Nordfjord Alumni tidleg i studiet, for eg er jo glad i Nordfjord. Eg starta å søke jobb i januar og heldt alle korta opne. Dette var fyrste gongen eg søkte på jobb, så eg hadde ikkje nokon bestemte krav på kor eg ville. Anders i Nordfjordakademiet hadde fått med seg at eg skulle uteksaminerast og tok kontakt i mars. Han hjelpte meg med å leite etter jobbar og fann ei ledig stilling hos Normatic.

Kontakta med Anders ga raskt resultat.

Eg vart invitert til ei samtale med firmaet og tok turen. Tilbake i Bergen vart eg invitert til ei samtale til, og kort tid etter den ga dei beskjed om at dei ville ha meg. Så alt var på plass før siste eksamen.

Elias er godt nøgd med hjelpa han fekk frå Nordfjordakademiet.

Før fyrste intervju fekk eg gode tips frå Anders, han gjorde meg trygg. Dette var fyrste intervjuet etter utdanninga mi, så vi hadde ein halvtimes prat og eg kjende meg bra førebudd. Samtala gjekk blant anna på kva spørsmål eg kunne stille dei, at eg skal intervjue dei og om kva dei held på med.

Grenselaust samarbeid med USA og Ulsteinvik

Leitar du opp 3LNO på Spotify finn du Elias sine songar. Det har etter kvart blitt 14 låtar med nær ein million avspelingar. Lyttarane er frå heile verda, særleg i Asia.

Eg har kontakt med fleire både nasjonalt og internasjonalt som eg samarbeider med. Blant anna har eg samarbeida med ein amerikansk artist som heiter Rosendale, han syng på eit par av songane mine. Han sende eg berre ein e-post til og spurte, og han sa ja til å jobbe med meg. Det er litt tilfeldig kven ein kjem i kontakt med.

Eit anna prosjekt kom i stand med ein artist frå Ulsteinvik.

Det er så mange talentfulle folk i Nordfjord og Norge, så det vil eg fortsette med.

Den glødande musikkinteressa kom då han var på barneskulen og starta med gitartimar. Ein god lærar ga han fridom i spelinga. Etter kvart var det idolet Avicii som inspirerte han til å lage musikk sjølv.

Eg byrja i 2012 med det same dataprogrammet Avicii brukte. Det er eit ganske avansert program og tek litt tid å lære seg, men det gjev kreativitet og fridom. I 2017 ga eg ut mi fyrste låt. Eg er snart ferdig med to nye prosjekt, håpet er å få det klart no i sommar.

Den fyrste songen var gjeve ut i 2017 på ein litt tilfeldig måte.

Eg sat litt i løynd og laga musikk, mor og far trudde eg sat og spelte spel. So fann broren min den fyrste låta, då innrømma eg at eg laga musikk. Eg leita fram ulike forum og dela musikken for å få tilbakemelding. Ikkje alle land har Spotify, så då ser dei på Youtube i staden for.

Draumen er ikkje å bli så stor artist, men å drive med ein hobby eg elskar.

Heim att til fjord, fjell og golf

Etter fire år i Bergen er han glad for at han valde å flytte heim til Nordfjord. Her set han pris på at alt er så nærme, det er ikkje så stort og det er trygt.

Det er enklare å finne roa her, samstundes som det er mykje spanande som skjer på Eid og generelt i Nordfjord. Det er ei utvikling eg vil vere med på.

I tillegg til musikken som tek ein del tid, trenar han kvar dag, går på fjellet og er del av eit lite miljø golfarar som brukar golfbana på Stokkenes.

Sommaren byr også på ein fast ferieaktivitet; Malakoff-festivalen.

Det er standard kvar sommar, eg har alltid fri til Malakoff, konstatera den heimflytta eidaren.

Og kan hende er det om nokre år ein dataingeniør frå Nordfjordeid som avsluttar den populære festivalen med eigne låtar?

***

Har du lyst på hjelp på same måte som Elias kan du melde deg inn i Nordfjord Alumni