Alexander Wilke – høyrde på godt råd frå svigerfar!

Tekst: Marie Kristine Kroken

Ta kontakt med Nordfjordakademiet, gjer du det har du allereie ein fot innafor. Les om korleis Alexander fekk sin fyrste jobb i Nordfjord.

Ny jobb

Alexander har hatt sin tredje dag i ny jobb når vi ek ein prat med han. Han er nytilsett som HR-leiar i NoMil på Sandane, noko han er godt nøgd med.

Det har vore ein god start. Første dagen var også bursdagen min, så det vart feiring første dag på jobb! Det er ein fin gjeng eg jobbar med.

Alexander er opphaveleg frå Sverige, men flytta til Noreg i 2009. Ein vanskeleg arbeidsmarknad i heimlandet gjorde at han ville prøve seg i Noreg. Etter ei kort tid fekk han seg jobb på Austlandet og  budde i Oslo-området i om lag 12 år.

Vestover

Så korleis hamna han i Gloppen?

Eg er gift med Ingrid, som kjem frå Sandane. Vi flytta til hit i mars 2022 etter at vi fekk born.

Paret erfarte under koronaen at dei kunne verken reise til familie i Sverige eller på Vestlandet, så då restriksjonane letta flytta familien vestover.

Etter korona var det ei ny verd, seier Alexander. – Det var kjekkare å vere her.

Kona Ingrid er lærar, så dei var ikkje redd for at ho skulle gå utan jobb.

Arbeidsmarknaden i Nordfjord er ikkje like lett for ein med HR og HMS kompetanse. Men Alexander hadde ein plan.

Eg kjente på det, kjem eg til å få meg jobb? Då vi flytta tenkte eg at om eg har ein jobb i januar 2023 er det bra. Fyrstevalet var å få ein lokal jobb, om det ikkje var mogleg kunne eg pendle. Tredjevalet var å starte eige firma.

Råd frå svigerfar

Vegen fram til den fyrste jobben starta elles med å høyre på svigerfar.

Eg fekk eit tips frå svigerfar min som hadde vore på eit frukostmøte med Nordfjordakademiet, han oppmoda meg til å ta kontakt med dei og det gjorde eg. Eg fekk veldig kjapt ei avtale med Tonje i Nordfjordakademiet, som presenterte kva moglegheiter som er her.

Allereie i april 2022 var han på Nordfjordtreffet på Eid, og her kom han i prat med mange bedrifter som trengte folk.

Det var så mange som var interessert i å prate med deg. Der var 30-40 stand, alle vil prate med deg, alle trengte folk. Det var ikkje alle bedriftene eg var aktuell for, men vi tok ein prat likevel, ler Alexander. – Det gav ein god følelse av å vere etterspurt.

 Visit Nordfjord

Eg var jo litt spent på det med jobb, eg hadde studert HR og endringsleiing. Men bedrifter var interessert i å møte meg. Tonje formidla til dømes kontakt med Visit Nordfjord. Eg møtte dei og fekk ei god samtale som enda med eit 2-årig engasjement. Eg kom med i eit bærekraftprosjekt, der jobben var å miljøsertifisere selskapet.

Sjølv om Alexander ikkje kunne noko om reiseliv var Visit Nordfjord likevel ein aktuell arbeidsgjevar. Han trekker fram dette som eit gode med Nordfjordakademiet.

På Sandane er dei veldig glade for at det kjem nye folk. Eg synes Nordfjordakademiet har noko av den same energien, dei er fine å prate med og heilt gull å ha. Regionen er ganske liten, så Nordfjordakademiet har god oversikt over dei bedriftene som finst. Dei set i hop personar og bedrifter, og er gode i å matche kven som passar i lag.

Ein fot innafor

Alexander tek ei vidareutdanning medan han jobbar og er snart ferdig med ein MBA i relasjonsleiing. Det beste rådet han har til andre som ynskjer å flytte til Nordfjord er å gjere som han og ta kontakt med Nordfjordakademiet.

Det er det viktigaste du kan gjere, då har du allereie ein fot innafor. Det gjeld folk i alle alder, dei som er under 40 må bli med i U40. Eg meldte meg inn i Alumni første månaden, sendte inn CVen og kom på fleire intervju, seier ein engasjert Alexander.

***

Er du ansvarleg for rekruttering i ei bedrift og ynskjer hjelp frå Nordfjordakademiet, så ta kontakt med oss!