Møt Randi Vedeld

Randi er 23 år og kjem frå Skodje. Som 17-åring reiste ho til North Carolina i USA for å ta eit år på High School. Der kunne ho spele golf året rundt, og var med på ei ny turnering kvar veke. Hun tok kjemi, matte og biologi på skulen og fekk interesse for dette, og studerte farmasi i tre år i Namsos. No flyttar ho snart til Nordfjord, og er på leit etter ein spennande jobb!

Kva jobb ønskjer du å få? 

I min noverande jobb er eg litt som ei potet, eg samarbeidar med andre helsepersonell på sjukehuset for å fremje eit godt økonomisk og riktig forbruk av legemidler. Eg ekspederer profesjonelle og private kundar, og gir farmasøytiske rådgivingstenestar ved behov. Eg er verneombud, og er ein pådrivar for å betre alt som har med arbeid og arbeidsforhold å gjere. Eg tek hand om fakturaer, justerar utsalspris, og periodiserar kostnadane kvar månad. Dette har gjort at eg også har fått interesse for økonomi. Eg har også erfaring med leiing og å fordele arbeid, då eg har vore stedfortreder når sjefen er vekke frå arbeid. Eg har vore heldig og fått ei brei erfaring etter studiene, og dette har gjort at eg interesserar meg for fleire ting enn berre farmasi. Eg kunne tenkt meg ein jobb der eg hjelp andre, enten om det er innen legemiddel, helse, økonomi eller noko heilt anna. Eg er ein open person som liker nye utfordringar.

Kvifor vil du til Nordfjord?

Eg skal flytte til Norfjordeid fordi eg og kjæresten skal bu ilag, og sidan han bur på Nordfjordeid blei valet lett. Eg synes det er ein flott plass i utvikling med mykje fin natur i nærleiken. Eg er glad i jakt og friluftsliv, å gå på fjellturar og stå på ski, så det er midt i blinken med moglegheitene i området. Det er til og med golfbane der, så da har Eid alt eg treng. Opp gjennom åra har eg vore mykje på Eid, så eg har gode minner frå sommarferiar og juleferiar med familien. Mamma og pappa synes det var ein god plass å vekse opp, så eg håpar å trivast like godt som dei. No bur eg i Bergen, og eg kjenner at eg lengtar etter å bu på ein mindre plass, og å vere nær alle eg er glad i. Eid er ikkje så langt frå Skodje, så det blir fint å kunne ta helgeturar heim også.

Korleis kom du i kontakt med Nordfjordakademiet?

Eg fekk vite om Nordfjordakademiet via familie, som tipsa om at det kan vere lurt å ta kontakt sidan eg søkjer jobb.

Har du som bedrift lyst å komme i kontakt med Randi for å ta ein prat om korleis dokke kan bruke hennar kompetanse? Ta kontakt med oss, så fiksar vi det!