Jobben i Norconsult får Birte heim til Nordfjord!

Birte er ein Eidar føydd og oppvaksa. Når ho var ung var ho sikker på at ho var byjente og det skulle berre ein ekte Eidar til for å vise ho at det ikkje var tilfelle. Som ungdom flest var Birte usikker på kva ho ville bli, og valet falt på studiespesialiserande med fordjuping i realfag på Eid VGS.

Det er aldri lett å velje kva ein skal bli, så som mange andre ville eg bli arkitekt, og starta på byggingeniør studiet for å ha litt tyngde før eg gjekk vidare. Det skulle vise seg at studiet passa meg ganske godt og faget var interessant. Så difor valde eg å fullføre løpet. Når det var gjort var eg berre 22 år, difor tenkte eg det var litt tidleg å skulle fortelje erfarne fagfolk kva dei skulle gjære. Ikkje minst var eg fortsatt nyskjerrig på faget og ville lære meir. Dermed vart det master på meg. Denne tok eg på Danmark’s Tekniske Universitet i København (Kgs. Lyngby for å være heilt korrekt). Dette var jammen eit tungt studie, særleg under covid. Så eg gjorde det einaste logiske og flukta heim til Eid

Sommarjobb gav fast stilling

Draumen til Birte har alltid vore å kunne sette sitt preg på verda og etterlate noko for dei neste generasjonane som dei kan setje pris på og nyte godt av. Dette føler ho er ein del av hovedoppgåva til  ein byggingeniør.

Vi er nødvendige for all utvikling i samfunnet. Ein kan ikkje bygge vegar, sjukehus, bruer, auke straumkapasiteten, skape grøn kraft og produsere berekraftig mat utan at ein eller annan byggingeniør er involvert

Under studiet hadde ho sommarjobb hjå Sweco i Bergen som resulterte i tilbod om fast stilling etter endt studie. Det takka ho gladelig ja til og har arbeidd der sidan ho vart ferdig uteksaminert. Gjennom arbeidet har ho fått bryne seg på ulike typar sammfunnskritisk infrastruktur, mellom anna straumforsyninga på Vestlandet.  Der har ho trivast veldig godt i to år, men er no klar for å flytte på seg.

Karrieremulegheita dukka opp på Nordfjordtreffet!

Under Nordfjordtreffet 2021 hadde Birte ein hyggeleg prat med ein frå kontoret til Norconsult på Eid. Han fortalde litt om det å være ein Norconsulter, firmaet og planar for avdelinga på Eid.

Eg har hatt dei i bakhovudet sidan og når det var tid for Framtidsfylket si karrieremesse i Greighallen i år tok eg turen for å prate med dei. Her møtte eg kjekke folk som oppmuntra meg til å søke på stillinga dei hadde lyst ut sjølv om dei søkte etter personell med meir erfaring

Birte gledar seg til å kunne fortsette å jobbe med det ho likar og å møte dei nye kollegaene på Eid. Særleg ser ho fram til å bidra til berekraftig vekst i distriktet.

Det er mykje spennande prosjekt på horisonten, det skal bli ein kjekk haust! Nordfjord er eit eldorado for meg, klatring, dykking, ski, surfing, fjellturar, familie og venar. Det blir lite stille sitting til hausten, men det må eg gjære på kontoret uansett

Spanande jobb og bolig må på plass for å kunne flytte

Det første eg ville ha på plass var ein jobb eg kunne sjå fram til å starte i. Det er ikkje nødvendigvis enkelt å finne. Men ein kjem langt med å prate med folk og å være tolmodig. Her kan ein gjerne gå på karrieremesser for å finne firma som held til i området som kan være relvante. Det er mange som er ute etter min type kompetanse, så her gjeld det å være frampå. Sjølv om det ikkje endar i ein søknadsprosess første omgang, kan det gjerne hende at det blir det neste gong

No er neste punkt på lista å finne seg ein stad å bu. Der har dei ikkje funne noko å kjøpe, men er fortsatt aktivt på leit. Det har vist seg å ikkje være så enkelt som ein hadde tenkt det skulle være, særleg når ein ikkje vil bu trangt. «Nei, det har eg gjort i sju år og tenkjer det er nok«, ler Birte.

Heim til kjærleiken og ei sporty fritid

Birte møtte draume-kjærasten på Malakoff festival, men hadde allereie planar om å reise til København for å studere. Han vart verande på Eid, og ho prioriterte karriere i fire år. Når ho no har fått ein strålande moglegheit til å fortsette med karriera si hjå Norconsult, var det ingen tvil om at det blir godt å sleppe å reise frå Bergen annakvar helg. Intresse for fjord, fjell og ei aktiv fritid er også med i tankane når ho no skal vende nasen heimover, og Birte er ei sporty dame og gledar seg til Nordfjordlivet!

Når eg ikkje er på jobb finn du meg gjerne både over under og i havoverflata. Særleg god på noko av det eg driv med er eg ikkje, men det treng ein ikkje være for å synest det er kjekt! Klatring har lenge vore ein av hobbyane mine, ein hærleg sport for både trening og avslapping. Særleg skal eg bli meir sjølvstendig i fjellet og gå mykje ut i Molladalen. I vår tok eg dykkerlappen og gledar meg til å kome skikkelig i gang med det, kamskjell er jo noko av det beste eg veit. Når surfen er dårleg skal eg og Thea til Hoddevika så ho kan lære meg opp, etter kvart som bølgjeskrekken går over kan eg heller reise dit når surfen er god. Eg har mange fjellturar i området eg ikkje har gått enno, så dei skal det bli kjekt å bestige. Gjegnen ligg jo der å lokkar kvar gong eg reiser til hytta i Kalvåg. Trollske haustmorgonar på jakt er også noko eg vil ha meir av, manglar berre jaktprøva, men den kjem neste år! Særleg gledar eg meg til vinteren, då blir det ski rett etter kontortid. Men ein må ha nokre timar på sofaen også, det er viktig å ikkje gå for hardt ut

Eit godt sosialt liv er viktig for trivsel

Sjølv om ein er oppvaksen ein plass kan det likevel vere utfordrande å finne eit sosialt nettverk om ein har vert vekke over lengre tid.  Ein har kanskje vakse litt ifrå dei ein hadde i oppveksten, mista kontakta, er ein av dei første kullet som vel å flytte heim eller flyttar til ein heilt ukjend stad.

Sjølv har eg vore så heldig at mi bestevennine også flyttar heim på same tid og er ikkje den første i kullet mitt som flyttar heimover. Det har også vore god hjelp med ein kjærast som har veldig kjekke venar som har inkludert meg i gjengen deira. Det er også til god hjelp at Hamna gjengen gjær eit så godt arbeid med å skape ein møteplass for alle. Dei har fått til mykje bra og er eit samlepunkt for ein veldig internasjonal gjeng som no har oppstått på Eid. Den halv spontane dameklatringa på tirsdagar er noko eg ser fram til å endelig kunne være med på