Møt Sander Gregersen Vik!

Sander er ein ung mann på 24 år frå Loen i Nordfjord som for tida er busett i Bergen der han har tatt utdanning (bachelor i markedsføring og merkevareledelse). Han jobbar i Bergen, men no søkjer han heim til Nordfjord.

I dag jobbar Sander i Møtebooking Norge AS, der han som teamleder hjelper teamet sitt med å prestere og gjennomføre sine arbeidsoppgåver for sine kundar, samt har personalansvar for teamet. I tillegg til å vere teamleder har Sander nyleg også fått rolla som kundeansvarleg og jobbar med å halde salgsmøter, ha onboarding av nye kundar og kundeoppfølging.

Vi har tatt ein prat med Sander og stilt han nokre spørsmål.

Kvifor vil du til Norge/ Nordfjord?

Nordfjord er den eine plassen eg verkeleg føler meg «heime». Det er her eg har familie, vokst opp og har mange gode minner frå. Eg har også nær tilknyting til Måløy/Vedvik, så eg har brukt mykje tid både i indre og ytre delen av Nordfjord.  Naturen i Nordfjord er upåklageleg og eg reiser heim så ofte det lar seg gjere for å være i naturen, enten i form av ski, fiske, telttur eller berre en tur på sætra.  Eg vil flytte tilbake til Nordfjord sidan det er her eg ynsker å slå meg til ro og en dag stifte familie.

Kva jobb ønskjer du å få?

Eg har utdanning innan markedsføring og har jobba med B2B sal i snart to år, så det er dette eg ynsker å jobbe videre med, gjerne en kombo.  Eg synes også det å ha kundeansvar har vært veldig lærerikt og gøy.

Korleis kom du i kontakt med Nordfjordakademiet?

Eg var en del i dialog med dei når eg studerte og har møtt dei på stands på karrieredagane her i Bergen.
Eg har også fulgt nøye med på Sosiale Medier og synes dei gjer en knallgod jobb! Ekte Nordfjordingar!
Eg var då ikkje i tvil om kven eg skulle kontakte når eg bestemte meg for å søke heimover

Heia Nordfjord!