Møt Marie Berstad!

Marie Berstad er ei dreven dame på 41 år som har vakse opp i Stryn. Ho har nettopp flytta tilbake til Stryn med familien sin etter 20 år i Oslo.

Bak seg har ho både bachelor og master i geofag, praktisk-pedagogisk utdanning, og erfaring som studiekonsulent ved Universitet i Oslo. Masteroppgåva henna vart retta mot undervisning i geografi på vidaregåande skule, med utgangspunkt i Indre Nordfjord. I fritida er Marie ei aktiv idrettsdame, da ho bruker mesteparten av tida på å springe etter ungane sine. Ho bruker også tida si på å pusse opp huset ho og familien har flytta inn i, og litt strikking viss ho rekk det.

Vi har tatt en prat med Marie for å bli betre kjende, og lære meir om kva kompetanse ho tar med seg heim.

Kvifor har du flytta til Nordfjord?

Eg har flytta tilbake til heimtraktene etter å ha tatt utdanning, jobba og fått barn. Vi ønskte oss nærmare besteforeldrane, og å kunne leve ein litt anna kvardag enn det vi gjorde i Oslo. Eg jobbar enda på Universitetet i Oslo på heimekontor, men vil aller helst ha jobb her i området.

Kva jobb ønskjer du å få?

Eg kunne tenke meg ein jobb i skiftet mellom utdanning og administrasjon, eller ein kombinasjon av dette. Sjølv om eg har jobba mest på universitetsnivå kunne det vere spennande å jobbe på eit anna nivå i utdanningsløpet. Men altså, så lenge arbeidsmiljøet er bra så er eg åpen for nye utfordringar!

Korleis kom du i kontakt med Nordfjordakademiet?

Eg la merke til Nordfjordakademiet på Facebook fordi eg har gått i klassen med både Tonje og Anders som jobbar der. Eg sendte dei ein e-post då vi hadde flytta tilbake til Nordfjord og spurte om dei hadde gode råd for å finne meg ein jobb.

Kanskje veit du om ei god moglegheit for Marie lokalt? Tips blir tatt imot med takk 🙂