Line Romsøe: Nordfjordtreffet enda med fast jobb!

Tekst: Marie Kristine Kroken

Line kom heim til Stryn og bygda Fjelli for seks år sidan. Med utdanning som sjukepleiar skulle ikkje jobb vere vanskeleg. Men Line valgte heller ein ny veg og har no fast jobb på Nordfjordeid etter eit spesielt treff.  

Skifta beite

Etter at Line flytta heim ville ho prøve å jobbe utanfor sjukepleiaryrket. Medan ho prøvde ulike jobbar, kom ho fram til at ho ville ta ei ny utdanning.

Eg jobba som sjukepleiar då eg og sambuaren min budde i Trondheim. Eg likte den administrative delen av jobben og leita etter kva utdanning som er tilgjengeleg. Etter kvart kom ideen om å bli rekneskapsførar. Eg høyrde med vener og sjekka at det finst jobbar i nærleiken. So ville eg ha ein jobb der eg kunne ha fri i helgane.

Line bestemte seg derfor å ta utdanning som rekneskapsførar, og i sommar vart ho ferdig etter tre år med pendling til Sogndal.

Nordfjordtreff

Då Line hadde studert nokre semester i Sogndal, vart det arrangert Nordfjordtreff på Nordfjordeid. Line hadde på forehand ein klar plan med kva ho såg etter og brukte treffet til å bli kjent med ulike bedrifter som trong rekneskapsførarar.

Eg visste ikkje kor eg kunne jobbe etter utdanninga mi, men der fekk eg prate med forskjellige bedrifter, til dømes Accountor. Dei gav eit skikkeleg godt inntrykk. Semesteret etter skulle eg jo ha praksis, så eg heldt kontakta med dei og fekk ha praksisperioda mi der. Når den var ferdig, fekk eg deltidsjobb medan eg studerte. Dei var supre til å tilpasse kvardagen min, om eg til dømes hadde mykje studiar ei periode. Og då eg var ferdig i sommar fekk eg fast jobb, takka vere Nordfjordtreffet.

Ho fortset med å snakke godt om den nye arbeidsgjevaren sin.

Eg er ferdig med skule! No har eg kjekke kollegaer på ein fin arbeidsplass. Det er mykje å sette seg inn i, men eg har fått ein «buddy» som passar på meg. Det er ein god plass å vere ny, ein vert tatt godt vare på.

Nordfjordakademiet (det blir nytt NT treff i påska)  planlegg eit nytt slikt treff i påska neste år og Line er ikkje i tvil om at ho oppmodar folk til å ta ein tur.

Ein veit gjerne ikkje om alt som finst, men dette treffet var skikkeleg bra. Det er ein eigen verdi å sjå ansikta, ta ein prat med dei som er der. Det kan vere litt skummelt, men absolutt verdt det!

Panorama

Helgane brukar ho blant anna til å planlegge husbygging i Fjelli. Med nydelig utsikt mot fjorden langsmed Panoramavegen mellom Stryn og Eid har dei perfekte forhold for langrenn og fjellturar.  Dette har ho mål om å få gjort meir framover, særlig turar til favorittfjellet Heida, som ligg i nærleiken av der ho bur. For sjølv om Line har budde vekke frå Nordfjord i fleire periodar, var ho aldri i tvil om at ho ville attende.

Vi fekk oss akkurat tomt, det er nokre nye hus her og fleire kjem. Her trivs vi og det er her vi vil bu.

***

Det fins mange bedrifter i Nordfjord og dei ser stadig etter nye tilsette. Har du lyst å verte kjent med nokon av dei, så bli med på vårt neste Nordfjordtreff vi skal ha i påska 2024! Meir info og påmelding her: https://www.nordfjordakademiet.no/arrangement/

For deg som er glad i tur arrangerer vi også topptur for studentar i på same tid som Nordfjordtreffet – meld deg på her: https://www.nordfjordakademiet.no/topptur/