Siri Andal Kupen: Hoppa i det!

Tekst: Marie Kristine Kroken

Mange utflytta nordfjordingar har lyst å vende heim att, men frykt for å miste karriera hindrar dei. Les om tøffe Siri som berre hoppa i det og tok mann og ambisjonar med seg heim til krabbene på Hjerteneset. 

God jobb i Bergen

Siri er opprinneleg frå Måløy, men har budd halve livet i Bergen. Her fekk ho ei god utdanning på Høgskulen Vestland og har jobba 24 år i barnehage. Dei ti siste åra har ho tatt videreutdanning ved Handelshøgskulen og jobba som leiar for to ulike barnehagar med 25 tilsette i kvar.

Ho hadde med det ein god jobb og var godt etablert i Bergen. Likevel sit ho i dag på eit gardstun i Deknepollen og snusar inn sjølufta frå Måløysundet.

Kva skjedde?

Skifte beite

Vi har til saman fire vaksne born og ynskte å flytte frå Bergen, og få eit rolegare liv i Måløy. Mannen min er frå der vi bur no. Her bygger vi nytt hus og vi har familie og vener her. Det er også fint å kunne skape ein samlingsstad for våre ungdommar som alle har tilknyting til Måløy.

Ektemannen fekk med seg jobben sin, så det var berre Siri som måtte finne seg ny jobb. Sjølv om familie var med på å trekke paret heim att, var jobb eit viktig aspekt.

Eg hadde lyst på eit skifte og eg tenkte at skal eg prøve noko nytt så må det vere no. Eg såg etter jobbar innan HR eller HMS. Men det traff ikkje på den rette jobben.

Nordfjord + ambisjonar = sant

I jakta på ny jobb vart Siri med på jobbmesse i Bergen. Her møtast jobbsøkjarar ulike arbeidsgjevarar og andre som formidlarar kva moglegheiter som finns i til dømes Nordfjord.

Eg var på jobbmessa i Grieghallen, og der kom eg i kontakt med Nordfjordakademiet. Eg sendte dei informasjon om meg sjølv og dei laga ein profil på meg. Så sendte dei CV’en min til ulike aktørar. Kontakta med Nordfjordakademiet var ei positiv erfaring, og no har eg eit vikariat i Kinn kommune fram til august neste år.

Stilling hennar er som programrådgjevar i Kinn kommune si introduksjonsavdeling, der jo jobbar med busetting av flyktningar og følger dei opp.

Tore å oppe i det

Siri synes ho har ein veldig meiningsfull jobb, men sidan det er eit vikariat er ho framleis på jobbjakt.

  • Når ein er 47 år og byggjer hus så vil ein jo ha fast jobb. Men vikariat er ein god start, ein må starte ein plass, så eg berre hoppa ut i det. Eg har framleis kontakt med Nordfjordakademiet som sender meg annonser og jobbtips som dei tenker kan passe for mitt ynskje. Så leitar eg også litt sjølv.

Fullt hus

Tida etter Siri flytta har mest gått til å sette seg inn i ny jobb. Men når det roar seg gler ho seg til å få meir tid til familie og naturen.

Her har vi jo havet og fjella, og vi bur sånn at vi kan berre gå ned på kaia og sette krabbeteiner. Det er veldig fint her, seier Siri som ikkje angra på at ho torde å satse.

***

Dersom du vert freista av å hoppe i det som Siri og flytte til Nordfjord kan du melde deg inn i Nordfjord Alumni. Då vert du oppdatert på det offentlege og private næringslivet i Nordfjord og kva moglegheiter som finst for å jobbe og leve i Nordfjord.

Nordfjord Alumni – Nordfjordakademiet