Møt Maria Karin Dalsbø

Maria Karin Dalsbø (31) er sjølverklært Nordfjordpatriot, coach og prosessleiar, frå Stårheim. Etter 12 år i Bergen, blei ønsket og lengselen etter å komme heim til Nordfjord så stor at hun etter jul i år flytta tilbake til heimbygda. 

-Perla midt i Nordfjord 😉 Det beste valet eg har gjort!

No søkjer hun jobb i Nordfjord!

Kva jobb ønskjer du å få? 

Draumen er å kunne utgjere ein forskjell, både for enkeltindivid og for lokalsamfunnet. Eg brenn for utvikling, og spesielt utvikling av menneske og relasjonar. Eg har bakgrunn frå idrett og folkehelseområdet, med tilleggsutdanning i idrettspsykologi og coaching. I mi noverande stilling gir eg råd om handtering og utvikling av prosesser for varslingssaker, leiar kompetansehevande tiltak og elles fagleg utviklingsarbeid innanfor trygg og etisk idrett. Eg kunne veldig gjerne tenke meg å jobbe med ulike formar for relasjonsbygging, prosessleiing, organisasjonsutvikling og optimalisering av utvikling/prestasjonar

Korleis kom du i kontakt med Nordfjordakademiet?

Eg har sett og høyrt om Nordfjordakademiet gjennom sosiale medier, og noko som bidrog til at det var attraktivt for meg å komme tilbake til fjorden, er nettopp arbeidet og «drive’en» som Nordfjordakademiet har. Det gir stor inspirasjon! Så eg tok kontakt fortløpande når eg flytta heim.

Har du som bedrift lyst å komme i kontakt med Maria Karin for å ta ein prat om korleis dokke kan bruke hennar kompetanse? Ta kontakt med oss, så fiksar vi det!