Bli med i Team Stryvo og skap framtida!

Stryvo-gruppa, som består av Stryvo AS og Stryvo Oslo AS, er i dag ein av dei mest allsidige mekaniske aktørane i Noreg med eit team på 100 dedikerte medarbeidarar. Med ei historie som strekkjer seg tilbake til 1947, då dei starta som Stryn Vognfabrikk, har  dei utvikla seg til å vere ein pioner innanfor fleire industrielle segment, inkludert vasskraft, olje og gass, maritim industri og meir.

Stryvo sin inkluderande og dynamiske arbeidskultur

No er dei på leit etter fleire gode kollegaer, så vi tok ein rask prat med deira nye Marketing Manager, Christine Evensen, for å få litt meir info. I følgje henne er trua på å skape noko saman ein grunnleggjande verdi hjå alle i Stryo.  Med ein låg terskel for å sparre, stille spørsmål og samtale, tilrettelegg dei for eit ope og dynamisk arbeidsmiljø. Det er viktig med korte beslutningsvegar slik at dei tilsette får stor påverknadskraft på verksemda. Stryvo starta opp i Stryn, men er lokalisert på tre stader i landet og har no maskinparkar i Stryn, Oslo og på Bismo.

Dette gjev dei tilsette høve til å oppleve det beste frå to verdener. I mange stillingar kan ein velje arbeidsstad eller kombinere kontorarbeid med heimekontor. For eksempel i stillinga vi nyleg lyste ut – som prosjektleiar – kan den som blir tilsett velge mellom Stryn eller Bismo som arbeidsstad. Eller kombinere med ei fleksibel løysning for heimekontor. Med tilsette frå om lag 10 ulike kulturar og land, er det dei tilsette som har styrt retninga til Stryvo gjennom sin kompetanse og interesser, seier Christine.

Investering i tilsette og fagleg utvikling

Heilt sidan oppstart og tida som Stryn Vognfabrikk har fagleg kompetanse vore ein bærebjelke i drifta til Stryvo. Ein kombinasjon av relevant kompetanse og ung arbeidskraft er viktig for eit innovativt miljø, og difor har selskapet satt seg eit mål om at 10 % av arbeidsstokken ved kvar lokasjon skal vere lærlingar.  Slik legg leiinga vekt på å stadig forbedre eit sterkt engasjement for fagopplæring.

Til dømes, denne hausten kjem det fleire nye lærlingar. Det er opp til lærlingane korleis dei ønskjer å utvikle seg, men vi tek gjerne med lærlingar ut i felten. Då får dei verkeleg testa ut ulike måtar å jobbe på, samt komme endå tettere på kundane og dei utfordringane dei sit med. Fleire av dei tilsette som har starta som lærlingar har arbeidd seg opp til leiarstillingar. Stryvo tilbyr interne prosjekt der tilsette som ønskjer det kan ta på seg ansvar og få verdifull erfaring innan styring og leiing, smiler Christine.

Vidare ønskjer Christine å legge vekt på at dei siktar med stort engasjement for ei berekraftig framtida og at det er dei unge som kjem til å styre retninga for korleis norsk industri blir i framtida.

Difor er det så viktig å ønskje velkommen til unge som vel yrkesfag. Vi skal opne dørene våre og lære dei alt vi kan. Det vi gjer her i Stryvo har jo faktisk ein stor nytteverdi for samfunnet, avsluttar Christine.

***

Søk ledig stilling hjå Stryvo her!