Unni Verlo HR sjef TIne Meireriet Byrkjelo

Erfaringar frå ei medlemsbedrift – Tine Meieriet Byrkjelo

Tekst: Marie Kristine Kroken

Nordfjordakademiet har i dag over 40 medlemsbedrifter i ulike bransjar og i alle kommunar i Nordfjord. Vi jobbar blant anna tett med bedriftene for å kartlegge behova dei har og korleis dei finn den kompetansen dei treng.

Verdien å jobbe ilag

Tine Meieriet Byrkjelo er ei av medlemsbedriftene våre, og vi har vi har snakka med HR-sjef Unni Verlo om deira erfaring med å jobbe saman med Nordfjordakademiet.

Det fyrste ho trekker fram er gevinsten med å jobbe i lag.

I Tine har vi mange spanande arbeidsplassar, og folk får gode karrieremoglegheiter hos oss. Men folk må få vite om det. Her hjelper Nordfjordakademiet oss med å få det ut i verda og gjere oss kjent for folk.

Kompetansekartlegging for framtida

Nordfjordakademiet kan hjelpe bedrifter med å kartlegge kva kompetansebehov dei har framover, slik at dei kan treffe rett på rekrutteringa si. Ei slik kartlegging tek fryst for seg kva kompetanse som allereie er i bedrifta. Så tek ein tak i bedrifta sitt framtidige behov, der ein søkjer å definere so konkrete mål som mogleg. Etter å ha identifisert kva ein kan bruka av intern kapasitet og kva ein treng å rekruttere eksternt, kan ein søkje meir spissa ut i markanden.

Tilpasse seg endringane

Tidlegare fekk meieria tilsette som var ferdig utdanna i meierifag på eigne meieriskular. Disse skulane finns ikkje lenger her til lands og meieriene måtte tenkte nytt om kven dei skulle rekruttere.

Vi kan ikkje lenger rekne med å få tilsett ein ferdig utdanna fagperson innan meieriproduksjon. Vi ser likevel etter personar med til dømes produksjonsteknikk i botnen, så får dei den matfaglege kompetansen seinare når dei kjem til oss. Vi treng også fleire læringar og trainee, for å treffe riktig på behovet vårt.

Fleire hovud

Unni meiner den prosessen Tine Meieriet Byrkjelo deltok i med Nordfjordakademiet var viktig.

Vi hadde ein kompetansekartlegging med Nordfjordakademiet som hjelpte oss å definere kva vi trenge framover. Dei stilte opp på workshop og vi tok saman eit steg tilbake for å sjå kva vi eigentleg jobbar med. Det å vere fleire hovud saman om dette har vore veldig flott og noko vi absolutt kan anbefale til andre bedrifter. Her har Nordfjordakademiet vore til uvurderleg hjelp for oss.

***

Er du ansvarleg for rekruttering i ei bedrift og ynskjer hjelp frå Nordfjordakademiet, så ta kontakt med oss!