Ellen Wild: Sin eigen dirigent i Nordfjord

Tekst: Marie Kristine Kroken

Nordfjordakademiet jobbar mest med å kople saman bedrifter og tilsette. Men kva om du ikkje ynskjer å vere tilsett nokon stad, og heller vil vere din eigen sjef?

Les om Ellen Wild (32) og kva råd ho har til deg som vil starte eiga bedrift i Nordfjord.

 Flytta frå kav og kjas i Belgia

Ellen og mannen flytta frå storbyen Antwerpen for å få eit rolegare liv nærare naturen. Dei reiste på tur rundt om i Noreg og fann det dei leita etter her. Dei har budd ulike plassar, men då mannen Koen fekk jobb som ingeniør i Stad kommune flytta dei til Bryggja. Her nyt dei naturen og det rolege livet i Nordfjord medan dei pussar opp eit meir enn 60 år gamalt hus.

Problemet var å finne jobb til Ellen.

Ho er utdanna marinbiolog, men det fekk ho ikkje jobb som.

Eg kunne ikkje norsk då vi flytta til Norge, så det var vanskeleg å få jobb. Difor bestemte eg meg for å starte mi eiga bedrift. Hausten 2020 oppretta eg mitt eige firma.

Fleire bein å  stå på

Ellen har nettopp avslutta ei utdanning som yogainstruktør, og har starta med timar både rett ved fjorden på Bryggja og på Nordfjordeid. I tillegg har ho også studert kosthald og er snart i gang med båtkurs i jobben som turguide.

Skaff deg fleire bein å stå på, er rådet hennar. Sjølv driv eg med kunst, grafisk design og yoga. Eg jobbar også som turistguide og kan leigast inn til ulike firma.

Ho har til dømes jobba som guide på kvalsafari i Nord-Noreg og har nettopp designa logoen til eit firma. Framover ser ho moglegheiter i den lokale turismen.

Eg vil satse meir på økoturisme, det trur eg det vert meir av. Folk vil reise på ein annan måte, dei vil sjå stadane dei vitjar på ein annan måte. Dette vil eg vere med på og utvikle her. Her i Nordfjord er jo naturen heilt perfekt for dette!

Bygg nettverk

Den store utfordringa med å ha eige firma er marknadsføring, noko ho brukar ein del tid på.

Eg har eiga nettside og tek kontakt med dei eg ser driv med det same som eg ynsker å drive med. Det kostar å drive marknadsføring, så det brukar eg ein del tid på. Eg har til dømes kontakta ulike bedrifter og butikkar som no sel kunsten min.

Ho rådar andre til å tørre å ta kontakt.

Bruk sosiale media, tør å ta kontakt med dei du ser driv med det du ynskjer å jobbe med. Vi bur på ein liten plass og vi treng kvarandre. Mi erfaring er at på mindre stadar med færre tilbod er folk meir kreative og relasjonar er viktigare. Her lever folk meir avslappa, meir i takt med sesongane og landskapet enn det eg er van med frå Belgia.

Det er mogleg å finne kvarandre og skape noko. Men eg saknar eit supportsystem, ein slags møteplass der vi kan kome i lag med dei rette folka. Det er ei oppmoding til kommunane i Nordfjord, å legge til rette for at grundera kan kome meir saman.

Finn din motivasjon – få hobbyen din ut

Inspirasjonen til mykje av det Ellen driv med finn ho i fjorden og havet. Ho rådar andre til å finne deira motivasjon og å vere seg sjølve.

Finn det du er engasjert i og kva du brenn for. Still deg spørsmålet; kva vil du verda skal ha meir av? Ver open for ulike moglegheiter og ta nokre sjansar. Du skal jobbe mykje med noko, det skal vere ein stor del av livet ditt, så vel noko du brenn for. Ta hobbyen din ut, sjå om du kan gjere ein arbeidsplass ut av det.

Mannen min ynskjer tryggheit i ei fast stilling, for han er det best, men det passar ikkje meg. Eg vil vere dirigent i eige firma og må drive med noko som engasjerer meg privat.

Fylgjer sesongane  – og augeblinken

Sjølv om ho trivst med eige firma, legg ho ikkje skjul på at det ligg mykje hardt arbeid i å starte for seg sjølv. På sommaren er ho aktiv og held på med trening, kunst og turisme. Utfordringa er på vinteren for å få det til å gå rundt.

Eg jobbar no med å finne aktivitetar eg kan ha på vinteren og, slik som til dømes yoga. Då vert det jamnare gjennom året. Så i mi bedrift fylgjer eg sesongane, men det lever eg godt med. Det viktige for meg er kva eg gjer kvar dag, å vere glad i det eg held på med. Kven eg er, er det eg driv med. Eg må ha den fridomen i augeblinken. 

***

Dersom du ynskjer å kome til Nordfjord, ta kontakt med oss i Nordfjordakademiet, så hjelper vi deg på vegen.

Du kan lese meir om

prosjektet vårt «Jakta på superkreftene» her:

https://www.nordfjordakademiet.no/magasin-jakta-pa-superkreftene/

Fleire kjelder der du kan få tips og råd om korleis du startar og driv eige firma:

På sidene til Kunnskapsparken Vestland kan du finne ei liste over oppstartsmiljø i Vestlandet  – uavhengig av kva du ynskjer å jobbe med i firmaet ditt.

Rask Oppstart — Kunnskapsparken Vestland (kpvest.no)

Altinn har ei gratisteneste med råd om korleis du stiftar og driv eige firma.

Altinn – Starte bedrift

Inviro jobbar lokalt i Nordfjord og kan hjelpe deg med idear du har til eiga bedrift

Forside – Inviro