Joachim Joensen: Heim til jobb, oppussing – og Elvis.

Her er fleire moglegheiter enn det mange trur, erklærer den heimflytta samfunnsøkonomen Joachim Joensen (25). Eg er nesten sjokkert over kor raskt ting ordna seg.

Alltid ønska seg heim att

Eg har alltid ville flytte heim til Nordfjord, det var eit mål. Det var fint i Bergen, men fem år holdt, ler han.

Det var for halvanna år sidan det gjekk opp for han at han snart er ferdig med stuidane. Med ein sambuar frå Måløy vart dei to einige om at dei ville busette seg der ho kom frå. Dei byrja å søke på jobbar, men med varierte tilbakemeldingar, om dei i det heile tatt fekk noko svar. Det endra seg etter at han fekk eit lite tips.

Eg var ein tur heime på Davik, og kom i snakk med folk. Elisabeth Hatlenes tipsa meg om å ta kontakt med Tonje i Nordfjordakademiet. Eg sende ein e-post til ho og forklarte situasjonen min. Ho fekk meg i kontakt med Randi Humborstad i Måløy Vekst som ga meg ein deltidsjobb. Det var heilt prima for meg i siste del av studiane mine.

Heim til ny jobb

I Måløy Vekst jobbar han med eit forprosjekt til Stad skipstunnel, og blir der fram til han startar i ny jobb i august.

Eg startar i ny jobb for PwC i august i Måløy. Eg visste ikkje dei hadde kontor der ein gong! Men dei har eit lite kontor i Måløy og ynskjer å satse meir i ytre Nordfjord. Den jobben fekk eg også ved at nokon tipsa meg, eg tok kontakt og forhøyrte med, og no har eg jobb der som eg gledar meg til å byrje i.

Joachim er letta og takknemleg for at han no kan senke skuldrane over å ha fått jobb.

Det starta med Tonje, ho fekk dominoen til å falle. Sambuaren min fekk seg jobb før meg, ho byrjar i heimetenesta i august. Det går gjerne lettare å få jobb med hennar utdanning. Eg måtte leite litt meir, men etter at eg kontakta Nordfjordakademiet og kom inn i systemet deira og med det nettverket dei har, så skjedde alt nesten sjokkerande fort.

Heim til ny bustad

Det er travle dagar for det unge paret, med oppussing av nykjøpt bustad i Måløy.

Vi har ein del att, men får heldigvis mykje god hjelp. Det er jobb og oppussing denne sommaren går til.

Med si eiga erfaring og jobb trygt i hamn har han nokre råd å gi til dei som er usikre på om der er jobb å få i Nordfjord.

Dei som påstår at det ikkje er noko arbeid her, tek feil. Om ein er litt på, om ein ringer rundt og forhøyrer seg so er der fleire moglegheiter enn mange trur. Kanskje ein kvir seg for å ta kontakt på denne måten, men tek ein ansvar for framtida si, så finn ein jobb. Ikkje ha som utgangspunkt at her ikkje er jobbar. Alt har gått so mykje betre enn vi frykta. Eg er eit levande eksempel på at det går an.

Dette engasjerer den heimflytta nordfjordingen som vil vere med på få fleire unge til å flytte heim. Han trur mange ikkje veit kva som finnast i heimtraktene sine.

Mange bedrifter kan nok gjere meir for å nå betre ut til unge som leitar etter jobb. Det er bra med til dømes Måløytreff i Bergen som eg har vore på. Det er ein god inngong til å skjøne kva moglegheiter som er i Måløy. Bedriftene kom og presenterte seg og vi fekk sjå at det er nokon som skapar verdiar og moglegheiter i Måløy og.

Heim til Elvis

Når bustaden er ferdig pussa opp og hausten kjem håper han at det vert tid til andre ting også.

Vi har ikkje fått prøvd ut so mykje enda, men eg vil spele fotball og byrje med musikk. Eg har spelt fotball før og synes det er ein god måte å bli kjent med folk. Sjølv om det kan vere ei stund før eg kan nikke balen att, gir det god trim og vi bur rett nedanfor Måløy stadion.

I tillegg ser han etter musikalske vener han kan jamme med.

Eg var med i eit band i Bergen, noko eg synes er veldig kjekt. Eg har ein svoger som spelar i band, og det er mykje musikk her i Måløy. Eg var nettopp på Strandfestivalen, den var heilt nydeleg! Og her i Måløy har vi jo Elvisfestivalen.

Her vi bur no er vi også mykje nærare familie, så vi får besøkt dei oftare enn då vi var i Bergen.

Med jobb, bustad og ei variert fritid til hausten på plass er Joachim klar på ein ting om framtida endå lenger framme:

Her blir vi!