Sindre Kvalheim: Om verdiar, jakta på kvinnene og sitt beste forretningsråd

Tekst: Marie Kristine Kroken

Sindre og LocalHost har knekt koden. Dei finn og beheld dei beste. Sindre har likevel ei utfordring han håpar Nordfjordakademiet si nysatsing kan hjelpe LocalHost og andre bedrifter med.

Luksusproblemet

Sindre Kvalheim har sidan 2007 drive Måløybaserte LocalHost, eit firma som tilbyr ulike IT-tenester.  I dag er dei 35 tilsette, og har gjennom åra hatt mange runde med rekrutteringar. Blant anna har Nordfjordakademiet henvist kandidatar dit som seinare vart tilsett. Men der andre bedrifter slit med å finne folk, har LocalHost eit luksusproblem.

Vi har sidan 2008 fått ei samling med over 500 dyktige søkjarar. Det er alt frå studentar til ferdig utdanna. Vi har aldri hatt ute annonse for tilsetting, folk ringer til oss og berre i dag har eg hatt kontakt med to som ynskjer å jobbe her.

Der ingen vil slutte

Sindre forklarar nærare kva som er grunnen til at bedrifta lukkast med å finne dei rette folka.

Vi var tidleg ute med å framsnakke eigen arbeidsplass. Vi var på messer og jobba mykje med å få ein kultur der kundar og tilsette kjende seg frie. Sidan starten er det få som har slutta og vi har svært sjeldan mista kundar. Vi har til dømes ingen omsetningskrav til dei tilsette og dei har stor fridom til å utvikle seg sjølve. Vi har heller ingen utbytepolitikk, så likviditeten er alltid, og dei tilsette veit alltid kva som er situasjonen i selskapet. Ein tilsett som blir i selskapet kan vi investere meir i, og ein tilsett som vert satsa på sluttar heller ikkje. Slik held ein også på kundane.

Det å satse på dei tilsette syner seg også med at LocalHost over fleire år har samarbeida med NAV.

Vi har ofte ein NAV-prosess gåande, der vi får inn bra folk, men som av ulike grunnar ikkje har vore så heldige. Vi stiller tydelege krav, men gir trygge og sikre rammer. Folk blir flinke av å jobbe og då kjem også ferdigheitene fram.

Bestemor sin forretningsmoral og Real Madrid

Resultatet etter starten i 2007 er altså at bedrifta har fått til eit godt omdøme og høg trivsel blant dei tilsette.

Bestemor var forretningskvinne og ho hadde eit enkelt råd, avslører Sindre. Det er at om du ønsker det beste for den som sit på den andre sida av bordet og i tillegg tene pengar på det, da kan du ikkje tape. Men du må mene det, elles funkar det ikkje. Dette er ein kjerneverdi hos oss som dei tilsette må dele. No kjenner folk til at det vi driv med er bra. Når ein tilsett seier til nokon at dei jobbar her så veit dei at det er bra. Det skal vere som å seie at du spelar for ein toppklubb som Real Madrid.

Vart medlem for å hjelpe andre

Det er altså ikkje på grunn av eige behov at LocalHost i dag er medlem av Nordfjordakademiet, men Sindre forklarer det likevel er noko dei valde å gå for.

Nordfjordakademiet er eit godt tiltak. Vi løyser ikkje utfordringa med rekruttering til regionen med å berre sjå på oss sjølve. Vi har kundar som slit med rekruttering, med å vere medlem kan vi hjelpe til med å få gode kandidatar til regionen.

Styr med styrene

På trass av suksessen med LocalHost og andre selskap har likevel Sindre ei hovudpine.
Kvinnelege styremedlemar. Eller det vil sei mangelen på dei.
Alle selskap må ha eit styre med eit visst tal medlemar. I tillegg er det krav om at ein viss del må vere kvinner.

Mange bedrifter og styrer på Vestlandet lir av forgubbing. Eller dei berre ringer sitt eige ekkokammer for å få medlemar. Så det å få kvinnelege styremedlem, det er hovudpina mi. Difor er eg veldig spent på Nordfjordakademiet sin nye styreportal. Dette har eg ikkje sett gjort andre stadar, men kan bli veldig bra for Nordfjordregionen.

Det er lett å finne menn og det har ofte også med livssituasjonen å gjere for mange kvinner. Men det er mykje kompetanse du går glipp av om du ikkje har kjønnsbalanse, så det å vite at det til dømes finnes nyutdanna kvinnelege jusstudentar, økonomar og IT-konsulentar som skal heim til Nordfjord, det er verdifullt.

***

Vil du bli med i Nordfjord Alumni og få oppfølging frå Nordfjordakademiet? Du kan melde deg inn HER.

Eller vil du prøve deg som styremedlem i ei bedrift? Nordfjordakademiet har ein ny styreportal du kan melde deg inn i HER.