Topptur i Nordfjord – Bedriftspåmelding

Tysdag 26. mars arrangerer vi Topptur i Nordfjord. Ønskjer di bedrift å møte studentar og vise fram kva vi kan tilby av næringsliv og moglegheiter i regionen vår?

Dato: 26. mars 2024
Stad: Gloppen, Nordfjord

26. mars brakar det laus i Nordfjord!

Då vi arrangerar vi for andre gong Topptur for studentar på lag med lokale bedrifter slik at vi kan vise fram den vakre naturen vi har å tilby og dei mange karriere moglegheitene som finns i regionen vår. Målet er at bedrifter og studentar blir godt kjent med kvarandre, har det kjekt ilag og får ei unik opplevelse. Kanskje finn ein sin framtidige arbeidstaker/giver

Her kan du lese om fjorårets tur

For studentane er det gratis å delta og heile opphaldet, inkludert guida tur, er dekka.  Bedriftene som deltar må vere med tysdagen med ein kort bedriftspresentasjonar/pitch, middag og bli med på sjølve toppturen for nettverksbygging med studentane.

Vi rekrutterer bedrifter og studentar parallelt og skal vi saman med bedriftene velje ut 30 – 40 studentar som får delta på opplegget.

Tentativt program:
Måndag 25. mars: Innsjekk ettermiddag/kveld for å bli kjent og ha det sosialt (for studentar).
Tysdag 26. mars: Frukost, topptur, middag og NordfjordTreffet på kvelden – representantar frå bedrifter blir med heile denne dagen.
Onsdag 27. mars: Utsjekk og kanskje ein topptur til saman med nye vener

Pris for å delta

Kr. 10.000 + mva pr. bedrift. Deltakeravgifta bidrar til å dekke opphald og guide på topptur for studentane, markedsføring mm.

Send gjerne ein «ung og lovande» til å delta på opplegget – det må ikkje vere ein sjef 🙂

Har du spørsmål? Kontakt Nordfjordakademiet via Anders Lødemel anders@nordfjordakademiet.no eller telefon 975 30 535.

Ønskjer din bedrift å delta?

Meld interesse her:

Topptur i Nordfjord